“Ein av bomtakstane som er blitt presentert, er på 350 kroner, gjort av Interesseorganisasjonen Hordfast AS. Dei jobbar for å få utbygginga vedtatt og realisert. Men då Vegvesenet rekna ut den såkalla «nettonytten» av prosjektet, tok dei berre 270 kroner inn i kalkylane. Med den bomtaksten kom dei fram til ei gjennomsnittleg trafikkmengd kvart døgn (ÅDT) på 7000 køyretøy det året Hordfast blir opna. Det er ganske nøyaktig dobbelt så mange køyretøy som i dag trafikkerer dei tre ferjesambanda Hordfast skal erstatta. Talgrunnlaget får Harald Minken ved Transportøkonomisk institutt (TØI) til å reagera. – 7000 i døgeret verkar veldig optimistisk, for å seia det mildt. Det er all grunn til å vera skeptisk til desse reknestykka.” Handler også om 40% regelen